Det er i år 40 år sidan NLM tok over Søvassli og gjorde om plassen til eit ungdomssenter for kristent leirarbeid. Dette er verd ein stor fest. Du er invitert til å feira 40 årsdag laurdag 29. august – på idylliske Søvassli!
I tillegg til 40 årsdag er det òg 10 år sidan ny internatet vart bygd. Foto Jan Ove KrutvikPå festen skal vi mimra tilbake til starten, og samstundes takka for at NLM har fått ha ein leirstad på fjellet i 40 år. Kanskje klarer vi å finna ut kor mange barn som har fått høyra om Jesus her?
Jubileumshelga er det òg ”Vi over 60”, 28. – 30. august. Ekstra artig om vi kan feira jubileet med fullt internat òg. På festen er sjølvsagt alle invitert, både dei under og over 60. Det vert andakt, songinnslag og variert program. Kjell Dahlene er med som talar på leiren og vil òg tala på festen.